Min Jesus.
Jesus min Jesus, kva kjærleik er har du visa
Du som forlet herlegdomen i himmelen
Du som vart menneskja lik.
Du gråt du lo, du var svak du var trøtt
Du elska inderleg menneskja
Du hjelpte der du slapp til
Du gjorde under for eit fattig brurepar
Du metta sultne menneske med fisk og brød i ørkenen
Du jaga ut vonde ånder
Du satte bundne fri
Du helbreda alle sjuke som kom til deg
Du tala til folkemassene, men også til ei einsam kvinne ved ein brønn i Samaria
Du redda ei sjelvande kvinne frå steining, med visdom og kjærleik
Du gjorde gravferda til gledesdag for enka frå Nain
Du kalla veslejenta til Jairus attende til livet, og venen din Lasarus ut or grava
Å min Jesus kva kjærleik er, det visa du til dei fattige, dei arme og underkua
Du Jesus kom for å sette fri
Fri frå synd djevelens makt
Fri frå sjukdom og skrøpeleghet
Fri frå frykt og mismot
Fri frå uro og sut for morgondagen
Du betala prisen for kvart einaste menneske på denne jord
Du fekk kjenne kva smerte var, då tornene bora seg inn i panna di
Og smertene jog igjennom kroppen din frå slaga frå den nihala pisken
Du såg ikkje ut som eit menneske så skamfaren var du
Og dette gjorde du Jesus for mine sjukdomar og mine plager
For at eg skal vera fri ved dine sårstriper
Tenk at du kunne tenkja på mine og alle plagene i verda
Du som sto føre den aller verste pinsla som nokon rettferdig har opplevd
Smerta var stor under romeranes torturering
Smerta var stor då du segna under korset
Smerta var stor då naglane bora seg inn i hendane og føttane dine
Smerta var grusom der du hekk på korset
Og likevel tenkte du på enkelt mennesket
Du hadde omsorg for di sørgande mor og hennar framtid
Du fekk ta deg av ein angrande røvar og gje han eit paradis
Så kom det verste då Gud måtte løyna sitt andlet for deg
Då vreden hans over synd og forræderi måtte råke deg du reine heilage
Då dansa mørkemaktene i triumf rundt deg
Dei håna og lo, dei pinte og plaga
Mørkeret hadde i sanning senka seg over jorda
Du fullførte verket og gav din ande over i Faderens hendar
Då skalv jorda og forhenget til det aller heilagste revna
Medan du for ned til dødsriket
Men døden kunne ikkje halde deg fast
Du min seirande Jesus
Ut av dødsriket for du med nøklane i handa di
Nå skalv mørkemaktene
Dei hadde tapa, våpna var tatt ifrå dei
Dei som hadde halde krigsdans over deg
Blei nå stilt fram til spott og spe
Som taparane i den åndelege verda
Djevelen var tråkka under dine føttar
Å min Jesus for ein dag då ljoset sigra over mørkret
Så for du opp til Faderen du min Jesus med ditt dyre blod
Og Faderen sa:
Det er nok
Prisen er betala
Menneska er fri
Fallet er oppretta
Og du sette deg ved Faderens høgere hand
Der sit du Jesus som sigerherre
Men du sit der også som vår forsvarar og du be for oss
Der sit du Jesus og lengtar etter at menneska, kvart einskilt eit på denne jord
Skal ta imot den gåva du vil gje
Forlating for synd og evig liv
Du nagla skuldbrevet vårt til korset
Men me må nytte retten vår
Du lengtar etter å sjå frukt av ditt Golgataverk
Du lengtar etter at menneska ikkje skal velga taparen si side
Han som er avvepna, tannlaus og slegen
Men likevel er han far åt lygna
Han er listig og slu
Og dei som vel han, står utan vern
Men du Jesus lengtar også etter at me som er dine
Skal sjå kva du har gjort for oss
Du lengtar etter at me skal sjå
At me har legedom ved dine sårstriper
Du lengtar etter at me skal sjå
At du vart fattig for at me skal vera rike
Du lengtar etter at me skal sjå
At blodet ditt er betaling nok
Det er vårt vern, vår skarlagensnor
Du lengtar etter at me skal sjå, verkeleg sjå din siger
Det at når me held oss under deg, som er hovudet
Så er satan under våre føttar
Du lengtar etter at me skal sjå autoriteten me har i ditt namn
Og at me brukar den
Du lengtar etter at me reiser oss i din stråleglans og blir aktive og sterke
Jesus du har visa oss stor tillit
Du har gjort deg avhengig av oss
Me er dine hendar og dine føttar
Me skal binde og løyse
Me skal rive ned festningsverk
Me skal storme over murar
Me skal gjera dine gjerningar
Me skal forkynne om ditt rike
Me skal helbrede dei sjuke, vekke opp døde og drive ut vonde ånder
Me skal vera trugne i smått og stort
Me skal fullføre ditt verk
Og du har lova styrke og kraft i din siger
Min Jesus eg elskar deg
Må eg ikkje svikte deg
Men gjera det som du har planlagt for meg
Om det er lite eller litt større
Amen
Anny Fosse
Kjærleiken.
Som døden sterk er kjærleiken
Han brenn som ein eld
Som logar høgt mot himmelen
Eit mektig vell
Vassflaumar ikkje sløkke kan
Elvar ei fløyme over han
Kjærleiken er ei eld ein brann
Uendleg er han
Kjærleiken har tolmod i seg
Er velviljug,rein
Han gjer ikkje noko usømeleg
Gjer ingen mein
Gleder seg ikkje ved urett han
Gøyme det vonde han ikkje kan
Gler seg når sanninga ho kjem fram
Alt tåler han
Han som er kjærleikens a og å
Frå æva av
Elska menneskeborna så
Han sonen gav
Jesus visa kva kjærleik var
Då på krossen han synda bar
Himmelbrua han opna har
Til Gud vår far
Som døden sterk er kjærleiken
Han brenn som ein eld
Som logar høgt mot himmelen
Eit mektig vell
Vassflaumar ikkje sløkke kan
Elvar ei fløyme over han
Kjærleiken er ein eld ein brann
Uendeleg er han
Anny Fosse